SAUER ER ALLRIGHTE DYR
SAUEN ER EIT DYR som i periodar kjem i media sitt søkjelys; mange av oss er godt kjende med utsegna i overskrifta, og vi assosierer heller ein viss sau med namnet Dolly enn kjærasten til onkel Donald. No nyss kunne ein lese i Aftenposten at Stålsetra sankelag i Løten tilbyd fjernadopsjon av sau. For den nette sum av kr. 400 kan ein kjøpe ein sau og få med seg både lamminga, sauesankinga og kjøtet etter slakting.
Sauen er eit av dei eldste husdyra vi har. Først ute var hunden, så kom geita og sauen. Namnet på dyret er òg gammalt. I det heile er husdyrnemningane ved sida av nemningar for familie, kropp og jordbruk dei eldste orda i språket, dei såkalla arveorda våre. Det er òg relativt lett å finne opphavet til desse; i etymologiske ordbøker er dei sjeldan oppførde med ukjent opphav.
Å STUDERE ETYMOLOGIEN til eit ord, finne motivet for at eit fenomen fekk nemninga si, kan gje oss innsikt i kulturen til forfedrane våre. Det norske ordet for sau kan ein spore tilbake til norrønt saudr og finne igjen i moderne islandsk saudur. Nemnemotivet kan ein finne i det fellesgermanske ordet *seuthan- (‘syde/sjode, koke’) som vart til verba sjóda på gammalnorsk og sidan til syde/sjode i moderne norsk.
Ordet sau har altså ‘kokt kjøt, det som vert kokt’ som nemnemotiv. Ordet er overlevert frå gotisk som sauths ‘offer’, (eigentleg ‘det som vert kokt’). Så kan ein jo undre seg over kvifor kulinariske eksessar med sauen som hovudingrediens heiter smalahove og fårikål.
Ordet smalahove kjem frå vossetraktene, der eit anna ord for ‘sau’ er smale. I Sogn seier ein t.d. sauehove om retten, medan dei på Sunnmøre seier saudehaud. Men det er som smalahove retten dei seinaste åra er vorten landskjend. Nemnemotivet? Ordet smale har tidlegare hatt tydinga ‘småfe’, men har i enkelte vestnorske målføre fått tydinga ‘sau’ som artsnemning for dyret. Sau har derimot ofte vore avgrensa til nemninga på hodyret i desse målføra. Nemninga smale er det eldste ordet for ‘småfe’ på vestnordisk område og kan sporast tilbake til eit ord smalr ‘liten’ (jamfør engelsk small), som ikkje er i bruk i nyare norsk. Moderne norsk smal er seinare lånt frå tysk schmal.
FÅRIKÅL, fårefrikassé og fårerull viser tilbake til eit anna ord for ‘sau’, nemleg får. Ordet eksisterer i dag som nemning for ‘sau’ først og fremst i det austnordiske språkområdet (dansk og svensk), men det finst mange spor av ordet i dei vestnordiske språka, spesielt i samansetningar islandsk færilús og færøysk førilús tyder ‘sauelus’. Namnet på Færøyane talar vel for seg. Ordet får er svært gammalt og kan sporast tilbake til vårt fellesspråklege opphav, indoeuropeisk, til rota *pek- med tydinga ‘ruske, nappe hår eller ull’ og *peku- med tydinga ‘ulldyr, sau’.
Variantar av denne rota kan ein finne igjen i ei mengd ord over heile det indoeuropeiske språkområdet. I t.d. gresk finn ein pókos som tyder ‘avskoren ull’, og i kurdisk tyder pez ‘sau’. I meir heimlege trakter finn ein norsk fe, svensk fä og dansk fæ. Det eldre norrøne ordet fé hadde fleire tydingar: ‘fe, eigedom, pengar’, jamfør engelsk fee i tydinga ‘betaling, inngangspengar’. Her kan ein sjå at ordet har gått gjennom ei tydingsendring frå opphavleg ‘ull, ulldyr, sau’ via ‘(små)fe’ til ‘eigedom, pengar’. Sauen er med andre ord ganske all right; til tider er han verd si vekt i gull... *= forma kan ikkje dokumenterast, men er rekonstruert
Med tillatelse av Camilla Bjørke, høgskulelektor i tysk, Høgskolen i Østfold
Artikkel i Dag og Tid nr. 6, 2005